
Dei nye Brontë-søstrene frå Lesja. FOTO: Benedikte Skarvik / Det Norske Samlaget.
Romanen til Sigrid og Guri Botheim starta som ein spøk. – Vi arbeidde eit heilt år med denne spøken, seier søstrene, som i haust debuterer med «Ramstein pensionat».
RFH: No ventar det årlige debutantsirkuset dykk. Her følgjer ein kjapp time på debutantskolen, der de skal få svare på tre av dei vanligaste debutantspørsmåla. Er de klare? Nummer 1: Kva handlar boka dykkar om?
SB & GB: «Ramstein pensionat» handlar om Debbey Sørheim. Ho bur i Trondheim, der ho har ein kjedeleg jobb, ein slesk kjærast og overflatiske venninner. Livet hennar har stagnert. Når grandtante Margrethe brått døyr, arvar Debbey Ramstein pensionat i Romsdalen. Ho får ein spennande kvardag i møte med den romsdalske kulturen. Ikkje berre dukkar det opp kjekke karar, ho avdekkjer òg gradvis hemmelegheiter frå fortida til Margrethe. Parallelt følgjer vi den mystiske pianisten og forretningsmannen Humbrent.
Alle tekstane er nedskrive/redigert/innsamla av Sigurd J. Sørheim, broren til Debbey. Han har avlytta rom og telefonar, spionert, tjuvkopiert brev og dagbøker.
RFH: Kven har de skrive boka for?
SB & GB: Vi håpar spesielt at desse skal lesa boka: Henning Sommerro, Leif Ove Andsnes og Ole Einar Bjørndalen.
RFH: Kva vil de oppnå med boka?
SB & GB: Dette håpar vi: At Sigrid får finansiert utdanninga si, at Henning Sommerro lagar ein opera av boka, at Leif Ove Andsnes frir til Guri, og at folk innser at det er i distrikts-Noreg ting skjer.
RFH: Flott! Dette står til laud og vel så det! No over til dei ordentlige spørsmåla. «Ramstein pensionat» er ikkje ein roman slik det jamne bokklubbmedlem kjenner sjangeren. Da eg las manuskriptet, tenkte eg at dette er ein roman som grenser opp mot noe anna som eg ikkje veit kva er. Korleis vil de sjølv plassere boka i den norske litteraturfloraen?
SB: Vi håpar å få ein ny sjanger oppkalla etter oss.
GB: Som cand.philol. forstår eg jo at vi har skrive ein punktroman. Men vi vil heller kalle manuset ein bygdeopera. Eg trur at nokon kjem til å påstå at vi er inspirert av Øyvind Ådland.
SB: Men han er mykje rarare enn oss. Dessutan har eg ikkje lese noko av han.
RFH: Så de kjem til å skilje dykk ut i debutanthylla?
SB & GB: Nei da, eller jo. Vi er jo to.
RFH: Dessutan er jo boka ein ganske særeigen hybrid av teksttypar, det er t.d. ikkje så ofte at avisfaksimiler, produktinformasjonsskriv, brev frå Skattedirektoratet, dødsannonse, testamente, songtekst, osb utgjør bestanddelane i ein roman. Ein vil kanskje kalle den eit formeksperiment, viss ein jobbar i Bok i P2. Men har de heile tida hatt ei klar oppfatning av korleis boka skal sjå ut? Strukturen verkar samanraska, på ein slik måte at ein mistenker den for å vere grundig gjennomtenkt …
SB & GB: Da vi begynte å skrive, var manuset heilt utan form og vi hadde ingen plan for handlinga. Prosjektet var ein arbeidsmetode. Personane og handlinga kom til oss gjennom arbeidsmetoden. Etter kvart har manuset fått ei meir gjennomtenkt form (noko forlaget sjølvsagt etterlyste). Da vi for to veker sidan skreiv ein ny slutt, fall alt på plass og manuset vart formfullendt.
RFH: Er det visuelle/grafiske aspektet ved boka viktig for dykk?
SB & GB: Ja. Vi har brukt FrameMaker og InDesign for å ha kontroll med utsjånaden på tekstane. Word er død. Det er ikkje sikkert at layoutfolka på Samlaget er så glade for vårt semiprofesjonelle flikk-flakkeri, det blir mykje å ta tak i.
RFH: Ein mørk kveld på Blåmann under litteraturfestivalen på Lillehammer i år, etter at forlagssjefen på Samlaget hadde lagt kortet sitt i baren, fortalte Guri meg ei spennande historie om korleis romanen eigentlig blei til. Noe med eit pseudonym og eit tidligare bekjentskap til ein av redaktørane. Har de lyst til å gjenta denne historia for mine lesarar?
SB & GB: Det var tre ting som utløyste skrivinga: 1 – Ein biltur til Romsdalen. 2 – At vi begynte å skrive annakvartord-forteljingar. 3 – At David Allan Aasen fekk jobb som forlagsredaktør i Det Norske Samlaget. Fordi vi kjente han, fekk vi ein idé om å lure han. Vi ville sende inn eit manus som var så bra og så dårleg at han skulle få trøbbel med å gjera jobben sin. Det var ein slags test og samtidig eit kompliment. Vi arbeidde eit heilt år med denne spøken, og sendte inn eit manus på 45 sider under psevdonymet Sigurd J. Sørheim.
RFH: Det er jo eit morosamt utgangspunkt – og det er mykje språklig basert humor i boka også, m.a. noen fantastiske dikt og songar. Her finst òg ein del namn – legen P. Skalle Legekontor og kulturhuseksperten Hayden Plagge-Mazziegemeister – som eg tenker kunne komme rett frå eit av dei sjuke universa til Rolf Sagen. Er humor noe de sjølv synest er viktig i bøker? Noen favorittar, i så fall?
GB: Humor er ikkje viktig.
SB: Det er berre eit verkemiddel på lik line med andre verkemiddel. Vi les ikkje bøker fordi dei er morosame.
GB: Eg likte «Hoppe naken» av Marita Liabø. Sigrid, har du ikkje lese ei einaste moro bok i heile livet ditt?
SB: Jo, «Postmann Pat»-bøkene, dei gamle altså, før han fekk kone og barn. Særleg den der han måtte renne seg på ein kjelke.
RFH: Da skal eg stille eit kjedelig spørsmål. Korleis har de eigentlig jobba fram denne boka? Har de hatt ei klar arbeidsdeling, eller har det vore meir fram og tilbake?
SB & GB: Vi har arbeidd saman heile tida. Arbeidsfordelinga går ned på ordnivå; 50 % stammar frå kvar av oss. Kvar setning er som regel sett saman av tekstfragment frå oss båe. Vi hugsar ikkje lenger fullt ut kva som kjem frå kven. Som du forstår har vi brukt ein kryssklyppingsmetode. Kvar av våre tekstar er kutta opp i småbitar og limt saman til ein ny tekst. Det er i kryssinga at det oppstår noko interessant.
RFH: Kjem de til å halde fram med å skrive saman, eller ser de no for dykk eigne solokarrierar etter kvart?
SB & GB: Vi har jo to andre karrierar å ta oss av òg. Sigrid som klassisk pianist og Guri som kontorist. Men når det er sagt … Det er litt skummelt å avsløre dette: Vi har planar om ei ny bok. I 2006 var vi vitne til ei skjelsetjande oppleving. På eit olsok-arrangement på bygdatunet såg vi to damer som var heilt likt kledd, dei hadde limegrøne både genserar og bukser – og like menn. Plutseleg gjekk dei bort til kvarandre og helsa på kvarandre. Dei innsåg at dei var tvillingar skilde ved fødselen.
RFH: Korleis skal de lese frå boka på debutantkveldene, da? Har de trent på å lese i kor, eller blir det ein meir Hetti, Letti og Netti-aktig replikkveksling?
SB & GB: I boka er det mange dialogar, og det er naturleg at vi spelar ut dei ulike karakterane.
RFH: Til slutt: Guri, du er jo nylig blitt tilsett i Forfattersentrum Midt-Norge. Sidan du òg er redaktør i Ratatosk og medlem av den kunstnariske komitéen til litteraturfestivalen ÆÅ, ligg det naturlig å sjå på deg som ei slags personifisering av den litterære delen av Trondheims kulturliv. Kva vil du seie om litteraturen si stilling i Trondheim for tida? Er du optimist?
SB: Guri er den fødte pessimist.
GB: Eg er optimist i denne saka. Det er fleire ulike litteraturmiljø i Trondheim – og eg trur at vi kan få til bra ting. Rykta seier at det skal flytte nokre forfattarar til Trondheim i haust. Det er veldig stas og lovar godt for miljøet.
Hurra for dette intervjuet!
Det same seier eg.
Hurra for desse to kommentarane!
Jeg synes de høres ut som de nye Kjersti og Agnes! (Både positivt og negativt ment)
Aa nei! Var det berre derfor eg likte det saa godt.
[...] Ramstein Pensjonat – Sigrid og Guri Sørumgård Botheim En merkelig og eksperimentell debutroman skrevet av to søstre. Rune Hjemås har gjort et flott intervju med begge om boksamarbeidet deres [...]
Flott intervju! Skal bli gøy å lese boka.
kom over denne “litt” seint. men uten å ha lest boka, så høres det ut som den er laget dels i samme ånd som “house of leaves” av mark z. danielewski.
ei av de beste bøkene jeg har lest (og som mye annet i sjangrene krim og science fiction, så får den ikke den oppmerksomheten den fortjener i “litterære” kretser.
http://en.wikipedia.org/wiki/File:HouseOfLeavesPage134.gif
Denne skal eg lese =D